10 spørsmål til ein lærling i dataelektronikarfaget

Michal Åsebø Berg er dataelektronikar i Difi i Leikanger. Les om kvifor Michal ville bli lærling og korleis jobbkvardagen hans er.

Publisert: 21. feb 2019, Sist endra: 04. mar 2019
Bilete av ein ung mann

Michal Åsebø Berg er lærling i dataelektronikarfaget i Difi. Han jobbar i Leikanger.

Foto: Difi

Kva fag er du lærling i?

Eg er lærling i dataelektronikkfaget hos Difi i Leikanger.

Kvifor bestemte du deg for å bli lærling i ditt fag?

Det var vel allereie i 9. klasse eg bestemte meg for å gå data og elektronikk. Eg har alltid interessert meg innanfor data og starta tidleg med spelprogrammering på fritida. Det var vel hovudsakleg programmeringa som drog meg inn på dataelektronikklinja, men der var sjølvsagt andre ting som fatta interessa mi. Oppsett og drift av eit servermiljø, sette opp eit nettverk og mikroprosessorar for å nemne nokre få.

I tillegg er dette eit fagfelt som det berre blir større og større behov for i tidene framover, så med tanke på jobbmoglegheiter var dette eit sikkert val.

Kva er ein typisk arbeidsdag for deg?

Arbeidsdagane mine er eigentleg ganske varierte. Det kjem heilt an på kva brukarane på Difi har problem med, om der er ei oppgradering som må gjerast på eit system, ny løysing som skal implementerast og så vidare. Det kan vere alt frå å berre bytte ut utstyr til powershellscripting til patching av serverar og så vidare. Dette er for så vidt litt av sjarmen av å jobbe som dataelektronikar. Ein veit aldri kva utfordringar ein møter, og ingen dagar er like.

Der er sjølvsagt nokre standardoppgåver eg må ta meg av. Dersom der kjem ein ny tilsett må eg opprette ein difibrukar til vedkommande og sette opp arbeidsstasjonen til han eller ho, eg må sjekke at alt av utstyr som tilhøyrar møteromma våre fungerer, og sette opp nye PC-ar som skal delast ut.

Kva er det morosamaste du har vorte med på som lærling?

Det å velje ut en bestemt ting blir nok litt vanskeleg. Men det er alltid like kjekt å sjå kor nøgd ein brukar blir etter ein har løyst ei sak han eller ho har sendt inn. Er ikkje alltid saka er så vanskeleg å løyse, men brukaren kan ha slite med det ei stund.

Er det noko spesielt du gler deg til å jobbe med framover?

Eg har fått min eigen lab å arbeide med der eg kan sette opp eit servermiljø og virtuelle maskiner akkurat slik som eg vil. Er litt stas å få litt fridom, slik at eg kan teste og sette opp det eg har lyst til. Det er også veldig lærerikt å få sette opp alt heilt sjølv frå botnen av og er ei erfaring som kjem veldig godt med på fagprøva.

Kva slags fordelar gjer det å jobbe i ei statleg verksemd?

Først og fremst har ein fleksitid. Altså ein har ei kjernearbeidstid der alle må vere på jobb, og ei ytre arbeidstid. Kjernetida er frå 09:00 til 14:30 medan den ytrearbeidstida er frå 06:00 til 09:00 og 14:30 til 21:00. Plusstimane kan eg då ta ut i avspasering opptil 24 dagar i året.

Eg har også to timar i veka der eg får trene i arbeidstida med betaling. Vi har eit treningsstudio på Difi ein kan bruke eller ein kan trene ein anna plass om ein heller vil det.

Då eg starta fekk eg også ein heilt ny tenestetelefon av bedrifta, i tillegg til at dei sponsar heile mobilabonnementet mitt.

Kan du fortelje litt om korleis verksemda di er som arbeidsgivar?

Eg er veldig nøgd med Difi som arbeidsgivar. Dei legg veldig godt til rette for at eg skal få den nødvendige opplæringa opp mot læreplanmåla og fagprøva. Eg får god oppfølging med lærlingsamtalar der vi sett forskjellige mål som eg skal prøve å fullføre innan eit kvartal, snakkar om korleis eg gjer arbeidet mitt, eg får komme med tilbakemelding om oppfølging og om det eventuelt er noko eg ynskjer burde vore gjort annleis.

Kva planar har du etter at du har teke fagbrevet/sveinebrevet?

Den store planen har alltid vert å utdanne seg til dataingeniør, så det endar nok opp med at eg går vidare på skule etter eg har fått fagbrevet.

Korleis er det å vere ganske ung lærling på ein arbeidsplass med kollegaer som er eldre enn deg?

Nei, altså nokon må dra ned snittalderen. Det hadde kanskje vore greitt å hatt litt fleire jamaldrande, men det har for så vidt ikkje vore noko problem. Det er veldig kjekke folk eg jobbar med og vi kjem godt overeins. 

Har du råd og tips til ein som vurderer å bli lærling, eller som nett har starta læretida?

For dei som nettopp har starta læretida vil eg anbefale å utnytte og spørje dei rundt deg i bedrifta. Du er der for å lære og kollegane dine sitt inne med veldig mykje kunnskap du kan dra nytte av. Det er ingen som forventar at du kan alt.

 

Sharethis