Dataelektronikar
Som datalelektronikar vil du få ei nøkkelrolle i å bygge opp ulike tekniske system og utstyr i verksemda.
Som dataelektronikar vil du vere med å installere, drifte og vedlikehalde alt frå interne datasystem til multimedieustyr og luftovervakingsradarar. Kva du får jobbe med, kjem an på kva slags fagfelt du vel å spesialisere deg i. Det er behov for dataelektronikarar i mange deler av samfunnet vårt.
Som dataelektronikar skal du:
- opprette kommunikasjon mellom ulike typar elektronisk utstyr og system
- jobbe med sikkerheit og kommunikasjon
- feilsøke og rette opp feil
- rettleie i val og bruk av utstyr og system
Dataelektronikarar arbeider overalt i samfunnet kor det trengs elektronisk infrastruktur, frå underhaldning og mediebransjen til telemedisin og satellittbasert navigasjon. Ein dataelektronikar legg til rette for digital kommunikasjon på både nasjonalt og globalt nivå , og kan jobbe med alt frå enkle til meir kompliserte system.
Utdanningsløpet i vidaregåande opplæring er 4 ½ år, der 1,5 år er i bedrift. Utdanningsløpet er difor noko lengre enn for dei andre lærefaga OK stat tilbyr.