Halvårig samtale

Halvårig vurderingssamtale skal gi deg informasjon om kva du har lært og kva du bør konsentrere deg om vidare mot fagprøven.

Publisert: 10. sep 2018, Sist endra: 13. nov 2018

Halvårig vurderingssamtale er ein lovpålagt samtale. Samtalen er mellom deg som er lærling og lærebedrifta og skal handle om utviklinga di i høve til læreplanen.

Både du og lærebedrifta har teieplikt om innhaldet i samtala.

Kvifor skal eg ha ein halvårig vurderingssamtale?  

Den halvårige vurderingssamtalen skal gi informasjon om kva du har lært. Samtalen bør vere fokusert på kva du skal lære framover slik at du oppnår kompetansemåla i læreplanen.

Samtalen skal gi deg:  

  • Tilbakemelding på arbeidet du allereie har gjort
  • Råd om korleis du kan forbetre arbeidsinnsatsen din
  • Moglegheit for å gi lærebedrifta tilbakemeldingar om korleis dei kan legge betre til rette for den faglege utviklinga di
  • Moglegheit for å snakke om trivsel og arbeidsmiljø   

Kven deltar på halvårssamtalen?  

Fagleg leiar har ansvaret for at halvårssamtalen vert gjennomført.  På førehand skal du få vite kven som skal delta. Det er vanleg at desse er med på halvårssamtala:  

  • Fagleg leiar og ein eller fleire instruktørar
  • Person fra HR (personal)

Desse kan delta:

  • Opplæringskontoret - om både du og lærebedrifta ynskjer det
  • Verneombod eller representant frå dei tillitsvalde om du ynskjer det

Slik førebur du deg  

Det er viktig at både du og fagansvarleg kjem godt førebudde til samtalen.

Før møtet skal de ha gått gjennom opplæringsplanen du følgjer. De skal ha vurdert kor godt du kan arbeidsoppgåvene innan kompetansemåla.

Ta utgangspunkt i arbeidet du har dokumentert. Dette er grunnlaget for samtalen med tanke på fagleg utvikling og kva slags kompetansemål som prioriterast i neste halvår.   

Kva skal dokumenterast?

Saman med fagleg leiar skal du fylle ut skjema «halvårig vurderingssamtale» frå  fylkeskommunen din.

Skriv kort om den faglege utviklinga di i perioden og kva som er planen for neste halvår. Planen må innehalde kva slags mål i læreplanen som vert prioritert.

Ta vare på referatet. Lærebedrifta og OK stat skal ha kvar sin kopi. 

Eksempel på halvårig vurderingssamtale (oslo.kommune.no)

Sharethis

Fant du det du lette etter?

*