Fristar du må huske på - 1. mars

1. mars er datoen for både å søke læreplass. Vg4 og læretid i Europa.

Våren er tida der du må huske på ei rekke fristar. Det gjeld både dei som skal verte lærlingar, men og de av dykk som skal vidare etter lærlingtida.

Læretid i Europa

Om du ønskjer å ta deler av læretida di i utlandet frå hausten, må du søkje før 1. mars.

Vg4 Påbygging

Har du planar om å ta generell studiekompetanse for å halde fleire studiemoglegheiter åpne, kan du gå Vg4 påbygging. Sjølv om studiet startar til hausten, etter at du har teke fagprøva, må du søkje før 1. mars.

Søke læreplass gjennom Vigo: 1. mars

Vigo er ein nettstad for å søkje læreplass for deg med rett til vidaregåande utdanning (ungdomsrett).  For å behalde rett til vidaregåande opplæring må du, som vil verte lærling i staten, også registrere deg i Vigo før 1. mars.

Ønskjer du læreplass, kan du sjå kunngjeringane frå dei ulike verksemdene her som leggjast ut heile våren:

 

Publisert: 13. juni 2021 Oppdatert: 14. juni 2021

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.