Generell studiekompetanse og realkompetanse

Generell studiekompetanse gir deg tilgang til ei rekke studier. Du må vere 25 år for å søkje høgare utdanning på bakgrunn av realkompetanse.

Publisert: 08. sep 2018, Sist endra: 13. nov 2018

Søknadsfristar til vidare utdanning

Skal du søkje vidare utdanning, må du hugse på at mange studieplassar har søknadsfrist før du har teke fagprøva.

Med generell studiekompetanse kjem du inn på dei fleste høgare utdanningar. Generell studiekompetanse får du ved:

  • å gå Vg3 påbygging etter Vg2
  • å gå Vg4 påbygging etter bestått fagbrev innan året du fyller 24 år
  • å gå studieførebuande utdanning på vidaregåande skule
  • å ta generell studiekompetanse som privatist eller gjennom nettstudie

Det er viktig at du sjekkar opptakskrava for studiet du vil gå på. Sjølv om du har generell studiekompetanse, krev nokre studie at du har gått særskilde fag eller at du har oppnådd ein viss karakter i eitt eller fleire fag for å komme inn. Til dømes må du ha karakteren 4 i matematikk for å verte lærar, eller du må ta eit forkurs i matematikk og få karakter 4 før du startar på lærarstudiet.

Sjølv om du har generell studiekompetanse, er du ikkje garantert å kome inn på studiet og skulen du ynskjer. Dei med høgast gjennomsnittskarakter vert prioriterte først. Det varierer frå år til år kva gjennomsnittskarakteren vil være.

Realkompetanse

For å komme inn på høgare utdanning med realkompetanse, må du være 25 år.

Du må ha dokumentert arbeidspraksis eller utdanning innan feltet du vil studere.

Samordna opptak har ei god forklaring på kven som kan søkje utdanning med realkompetanse og korleis du går fram for å gjere det:

Realkompetanse (Samordna opptak)

Sharethis

Fant du det du lette etter?

*