Fagskole

Fagskuleutdanning er ei høgare utdanning som gir studiepoeng. Fagskule gir deg som har fagbrev meir kompetanse.

Publisert: 08. sep 2018, Sist endra: 13. nov 2018

Søknadsfristar til vidare utdanning

Skal du søkje vidare utdanning, må du hugse på at mange studieplassar har søknadsfrist før du har teke fagprøva.

Fleire fagskular krev at du har relevant fagbrev eller sveinebrev for at du skal vere kvalifisert til å studere der.

Det finns også fagskular kor opptakskravet er realkompetanse eller generell studiekompetanse. 

Einskilde fagskuleutdanningar gir deg grunnlag for å søkje om meisterbrev.

Meir om fagskule:

Fakta om fagskole (utdanning.no)

Fordeler ved å gå fagskole

Å studere ved ein fagskule gir deg desse fordelane:

  • Fleire fagskular tilbyr både deltidsstudie og nettstudie, slik at du kan jobbe ved sidan av
  • Fagskular gir eit fullverdig alternativ til utdanning på høgskule eller universitet
  • Fagskulane har ofte tett samarbeid med næringslivet, og du får jobbe med oppgåver du vil møte i arbeidslivet
  • Du får meir kompetanse innanfor fagområdet ditt. Dette kan bidra til at du får større utfordringar og ansvar på jobb om du ynskjer dette
  • Fleire fagskular samarbeider med universitet, noko som gjer det mogleg å gå vidare på eit bachelorstudium seinare

Offentlege og private fagskular

Du kan søkje på fagskular som er både offentlege og private.

Utdanning.no har oversikt over studietilboda ved fagskular i Norge.

Oversikt over fagskoletilbodet i Noreg (utdanning.no)

 

 

Sharethis

Fant du det du lette etter?

*