Lærlingens rettar og plikter

Som lærling må du følgje rettar og plikter som ein vanleg tilsett ei statleg verksemd. Arbeidsgivaren din har forventingar til korleis du skal te deg på arbeidsplassen.

Publisert: 10. sep 2018, Sist endra: 13. nov 2018

Under får du ei kort forklaring på kva rettar og plikter du har som lærling:

Rettar:

  • Skriftleg lærekontrakt og arbeidsavtale
  • Rett til opplæring i dei måla læreplanen din følgjer
  • Rett til halvårssamtale med din faglege leiar

Plikter:

  • Du må delta i planlegginga, gjennomføringa og vurderinga av di eige opplæring
  • Du må dokumentere opplæringa etter læreplanen
  • Du må følgje reglane på arbeidsplassen, som å kome i tide på jobb og gje beskjed om du er sjuk. Arbeidsplassen skal gje deg ei innføring i kva som gjeld hos dem

Plikter og rettar for lærlingar er skrivne i to lover:

Forventingar frå arbeidsgivar

Arbeidsgivar har forventingar til deg på lik line med andre tilsette. Forventingane til deg blir større dess nærare du kjem fagprøva. Arbeidsgivaren vil då forvente at du jobbar meir sjølvstendig og at du kan finne informasjon sjølv. 

Arbeidsgivar forventar

  • at du gjer arbeidsoppgåva dine, og gjer beskjed om du ikkje når ein frist
  • at du sendar melding om du blir for sein til jobb
  • at du deltek aktivt i di eiga opplæring. Du må sjølv fortelje din faglege leiar om korleis du ligg an i forhold til arbeidsoppgåver du skal kunne, utanom dei halvårlege vurderingssamtalane
  • Ta initiativ om du ikkje har noko å gjere

Kva slags informasjon bør arbeidsgivar gi deg?

Når du har skrevet lærekontrakt gir verksemda deg beskjed om dato og tidspunkt og stad for fyrste dag på jobb. Den fyrste veka i læretida er det vanleg å få  informasjon om:

  • kven som er din faglege leiar
  • kven som er instruktør for deg dei fyrste månadene
  • kven som er verneombod
  • din interne opplæringsplan
  • arbeidstid og ferie
  • registrering av arbeidstid, ferie og fråvær
  • om du har fleksitid
  • dato for utbetaling av løn
  • intranett og kva du finn der
  • kven du skal spørje om ting i ulike situasjonar
  • kor kantina er og kor kollegaene dine spis
  • eventuell trening i arbeidstida
  • det sosiale på arbeidsplassen

Sharethis

Fant du det du lette etter?

*