Fagleg leiar og instruktør

Som lærling har du krav på ein fagleg leiar. Dei fleste lærebedrifter har og ein eller fleire instruktørar. Begge skal rettleie deg gjennom læretida.

Ein fagleg leiar og ein instruktør kan vere, men er som regel ikkje same person.

Fagleg leiar

Den faglege leiaren din har ansvaret for at du når måla i læreplanen gjennom opplæringa di.

Ein fagleg leiar skal sørgje for:

  • Ein plan for korleis du skal bli klar for fagprøven
  • Gode tilbakemeldingar på arbeidsoppgåver du har gjort
  • Rettleiing og råd om både det faglege og sosiale i læretida
  • At du vert vurdert på kva du har lært og kva du treng å lære meir om
  • At du vert lytta til. Du kan snakke med fagleg leiar både om det faglege og det sosiale på jobb
  • At du får tilpassa opplæring ved behov
  • At de har halvårige samtaler der innsatsen din vert vurdert

Instruktør

Ein instruktør er ofte ein av kollegaene dine. Instruktøren har utdanning eller lang erfaring innan heile eller delar av arbeidsområdet du har oppgåver innanfor. Du kan ha fleire instruktørar i løpet av læretida som gir deg opplæring i ulike arbeidsoppgåver.

Ein instruktør skal:

  • Gi deg opplæring i ein eller fleire arbeidsoppgåver i det daglege
  • Gi deg tilbakemeldingar på arbeidet du har gjort
  • Hjelpe deg medan du gjer arbeidsoppgåva

Fadder

Når du startar opp som lærling, vil du i dei fleste statlege verksemder få ein fadder som sørger for at du får ein god start og kjenner deg velkommen.

Fadderen skal hjelpe deg med det praktiske og sosiale.

 

Oppdatert: 9. januar 2023

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.