Mediegrafikar

Likar du å få fram bodskap på visuelt vis, er mediegrafikar eit yrke for deg.

Som mediegrafikar er du gjerne ein viktig del av kommunikasjonsavdelinga, men du kan og jobbe andre plassar i ei verksemd. Du vil jobbe med utvikling , grafikk, film, nettstader, design, informasjon og anna, både digitalt og kanskje på trykk.  Ei mediegrafikar jobbar med tekst, grafikk, foto og levande bilete.

Yrket inneheld element frå grafisk design, interaksjonsdesign, webdesign, og mediedesign. Du må ha god kunnskap om ulik programvare, og ikkje minst må du ha god serviceinnstilling.

Som mediegrafikar kan du få jobb i mange ulike verksemder. I staten er det til dømes eit stort behov for å kommunisere klårt og tydeleg med innbyggjarar som deg og meg på stadig fleire digitale flater.

Kommunikasjon er stor del av jobben. Ei viktig oppgåve er å sjå til at viktige bodskap vert oppfatta korrekt.

Dette lærar du som mediegrafikar

  • Lage layout til alt frå rapportar, presentasjonar og materiale både for internt og eksternt bruk
  • Designe nettsider
  • Produksjon av lyd, bilete og tekst
  • Hjelpe til å handtere og publisere bodskap i sosiale media.

Kva du vil jobbe med i kvardagen, vil variere etter kor du jobbar. Men du jobbar gjerne tett med andre fagpersonar, blant anna kommunikasjonsrådgivarar og grafiske designarar.

Oppdatert: 21. februar 2023

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.